Bustad, eigedom og kart

Plan og kart

Det er auka krav om at kommunen skal gi publikum fritt innsyn i offentlege dokument og i saker som er under handsaming. Vi har no to kartløysingar på nett som vil gi så godt som fullt innsyn i kommunen sitt planarbeid.

Planinnsyn og Fonnakart

Fonnakart

Kartportalen Fonnakart er ein felles portal for 19 kommunar. Det er mange som allereie kjenner til og er flittige brukarar av Fonnakart. Dei ønsker vi oss fleire av. Kartportalen gir deg grunnkart, plankart og flyfoto saumlaust i heile kommunen.

Det er mogleg å søkje i portalen på fleire måtar, mellom anna på gards- og bruksnummer og stadnamn. Situasjonskart, som m.a. skal følge byggemeldingar og - søknader, kan enkelt hentast ut herifrå.

Det kan søkjast på gards- og bruksnummer i heile portalen. Eigedommar og bygningar blir dagleg oppdaterte, og er til ei kvar tid tilgjengelege i Fonnakart.

Fonnakart er komen i ny versjon og med to nye karttypar, reguleringsplanar og kommuneplan.

Karttype reguleringsplanar viser alle vedtatte planar og planar under arbeid i kommunen.

Karttype kommuneplan viser den nyleg vedtatte kommuneplanen (merk at kommunestyret vedtok nokre endringar som er unntatt rettsverknad og som derfor ikkje blir vist her).

Fonnakartløysinga er etter oppgradering blitt mykje raskare og gir derfor informasjon raskt. Den har òg gode utskriftsmoglegheiter (merk at utskriftsinnstillingane i nettlesaren må vere lik innstillingane som er gjort i utskriftsmodulen i fonnakart).

 

Planinnsyn

Planinnsyn er ein heilt ny klient som skal gi fullt innsyn i alle planar i kommunen. Den viser alle vedtatte planar og alle planar under arbeid

Kvar plan er kopla opp mot eit planregister, som gir tilgang til plankart og føresegner for alle vedtatte planar. Alle planar under arbeid er kopla opp mot sakssystemet vårt.

Dette gjer det mogleg til ei kvar tid å følge med i saksprosessen og alle dokumenta i saka vil vere tilgjengeleg. (Det kan forekomme mangler i sakssystemet, dette blir det arbeidd med.)

 

Kommuneplan

Kommuneplan sender deg rett til vedtatt kommuneplan med innsyn til alle saksdokument og alle plandokument. I menyen til venstre kan du opne opp utvalet kommuneplan, og slå på og av dei ulike omsyns-sonene for betre forståing for kva omsyn som gjeld i kvart område.

Endringane som blei vedtatt i kommunestyret kan også bli slått av og på her. Ved å trykke på den blå pila kan ein endre kor gjennomsiktig laget skal vere for å vise kartdata under. Når ein studerar detaljar kan ein også skru på oppdatert grunnkart.

Den enklaste måten å zoome seg inn i denne klienten, er ved å plassere musa over ønska område og så bevege scrollen på musa frå deg/ mot skjermen.

Direkte link til informasjon om vedtatt kommuneplan på våre nettsider finn du her.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar