Målgruppe
Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og folk flest.
Vilkår
Reguleringsplanen vert utarbeidd av kommunen for bestemte område i kommunen
-
når det går fram av kommuneplanen sin arealdel
-
når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i kommunen
-
etter vedtak i planutvalet
For større bygge- og anleggsarbeid skal det bli utarbeidd reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin arealplan er i vesentleg grad bestemmande for planane.
Gebyr
Det vert ikkje rekna gebyr for å utarbeide eller å handsame kommunale reguleringsplanar, men kostnadane med planprosessen kan reknast inn som del av tilretteleggingskostnadane for området.
Plan- og bygningsloven, særleg §§ 15, 25, 27, 30, 33.1 og 42
-
Kommuneplanen sin arealdel
-
Kommunedelplan for byutvikling
Rettleiing/orientering
Nærare opplysingar ut over kunngjeringar i media kan du få ved å ta kontakt med kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknadar eller klager.
Komplett planforslag skal bestå av:
-
Plankart
-
Reguleringsføresegner
Avhengig av den aktuelle saka er det ofte også nødvendig med:
-
Planskildring
-
Konsekvensvurdering/gjennomført planprogram
-
Illustrasjonsplan
-
Terrengmodell, gode perspektiv- og/eller aksonomertriteikningar
-
Andre illustrasjonar som gateoppriss og fotomontasjar
Andre nødvendige vedlegg som utgreiingar og dokumentasjon er avhengig av kor kompleks saka er.
Planprosess / politisk handsaming
For utarbeiding og handsaming av områderegulering gjeld elles dei same rutinar som for detaljplan (PBL § 27).