Bustad, eigedom og kart

Detaljregulering

Reguleringsplan er ein detaljplan med tilhøyrande bestemmelsar som regulerer utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, bygg og det ytre miljøet i eit bestemt område.

Detaljregulering blir brukt til å følge opp kommuneplanen sin arealdel, og eventuelt etter krav fastsett i ei vedtatt områderegulering. Detaljregulering kan skje som utfylling eller endring av vedtatt reguleringsplan.

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter, har rett til å fremme forslag til detaljregulering, medrekna utfyllande regulering, for konkrete bygge- og anleggstiltak og arealendringar. Ein har òg rett til å få kommunen sin handsaming av, og standpunkt til, reguleringsspørsmålet som blir tatt opp i det private forslaget.

Private forslag må innhaldsmessig følge opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanen sin arealdel og føreliggande områdereguleringar. Ved vesentlege avvik gjeld krava i § 4-2 andre ledd.

Ein reguleringsplan skal bli utarbeidd av fagkunnige.

 

Kven kan fremme reguleringsforslag?

Grunneigarar, rettshavarar eller andre interesserte kan fremme ein privat reguleringsplan til handsaming.

Kommunen vil då:

  • Vurdere om planforslaget skal bli tatt til handsaming
  • Gi råd i samband med utarbeiding av planforslaget 
  • Handsame planen

Før arbeidet med eit reguleringsforslag vert sett i gang kan planutvalet/administrasjonen gi råd om planen bør bli utarbeidd eller ikkje (PBL § 30)

 

 

Vilkår

Planforslaget skal bli utarbeidd av sakkunnige. Plan- og bygningsloven legg til grunn at planforslaget bygger på medverknad frå dei som vert berørt av planforslaget.

Ta kontakt med kommunen og be om ein førehandskonferanse/ oppstartsmøte tidleg i planprosessen.

Kommunen vil orientere om gjeldande planar, normer og aktuelle interesser i området og gi råd for det vidare arbeidet.  Eventuell igangsetting av planarbeidet skal så bli varsla i samsvar med bestemmelsane i Plan-og bygningsloven.

Vindafjord kommune krev at planforslaget - plankart, føresegner og  planomtale vert levert på digital form.

Kommunen krev også at saka vert tilstrekkeleg utarbeidd før planforslaget blir tatt til handsaming. Mangelfulle planforslag kan bli sendt attende til forslagsstillar for komplettering før det blir tatt til handsaming.

 

Gebyr

All sakshandsaming av planforslag vert fakturert i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ for handsaming av plansaker. Regulativet har bestemmelse om urimeleg høge gebyr. Det kan også krevjast reduksjon i gebyret dersom saksbehandlingstida er for lang.

 

Lovar og retningslinjer

  • Plan- og bygningsloven, særleg §§ 15, 25, 27, 30, 33.1 og 42
  • Kommuneplanen sin arealdel

 

 

Komplett planforslag skal bestå av:

  • Plankart 
  • Reguleringsføresegner

 

 

Avhengig av den aktuelle saka er det ofte også nødvendig med:

  • Planbeskriving
  • Konsekvensutgreiing / gjennomført planprogram
  • Illustrasjonsplan
  • Terrengmodell, gode perspektiv- og/eller aksonomertriteikningar
  • Andre illustrasjonar som gateoppriss og fotomontasjar
  • Andre nødvendige vedlegg som utgreiingar og dokumentasjon

Plankart skal vere teknisk godkjent på datateknisk struktur og utforming, før planforslaget blir tatt til handsaming.

 

Søknadsfrist

Sakene vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden/ planforslaget skal sendast til:
Vindafjord kommune, Rådhuset, 5580 Ølen, eller til postmottak@vindafjord.kommune.no

 

Saksbehandling

Forslagsstillar skal kunngjere oppstart av planarbeidet i samsvar med reglane i plan -og bygningsloven. Når komplett planforslag er mottatt, vil rådmannen legge saka fram for det faste utvalet for plansaker (planutvalet) som vedtar om saka skal leggast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring.

Dersom planutvalet ikkje finn grunn til å fremme reguleringsforslaget, vil forslagsstillaren få skriftleg varsel. I tilfelle avslag gjeld ein plan for uregulert område eller er ei vesentleg endring av gjeldande reguleringsplan, kan forslagsstillaren krevje at saka vert lagt fram for kommunestyret.

Dersom planen blir tatt til handsaming og lagt ut til offentleg ettersyn, vil rådmannen vurdere mottatte merknader og legge saka fram for planutvalet for 2. gangs handsaming med dei endringar i planen han finn naturleg. Planutvalet avgjer om planforslaget går vidare til kommunestyret for vedtak.

Kommunestyret sitt vedtak skal bli kunngjort.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar