Bustad, eigedom og kart

Skilting

Kommunen set opp og har ansvar for vedlikehald av vegnamnskilt og tilvisingsskilt. Kontaktperson er Hildbjørg Fludal tlf. 992 35 550 eller 53 65 61 03

Huseigar har ansvar for å setje opp eige husnummerskilt. Kommunen tilrår reflekterande skilt som er lett å få auga på i mørket. Er huset tilbaketrukke frå vegen, bør ein også ha nummerskilt ved innkjørsla.

Eksempel på nummerskilt med 2 siffer. Figur henta frå Kartverket sin adresseveiledar.

Klikk for stort bilete

 

 

Nummerskilta kan ein få kjøpt på nettet. Ved å bruke søkeordet ”reflekterande husnummerskilt”, vil det kome opp fleire forhandlarar.

Ein kan og hendvende seg til dømes hos Coop Marked, Sandeid tlf. 52761284 og Ølen Byggmix tlf. 53766230 og få kjøpt skilt der.

Adressenummerskilta er siste ledd i vegvisningskjeda. Det er viktig at alle hus er nummerert og husnummerskilt er plassert slik at det er godt synleg for dei som skal finne fram.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar