Bustad, eigedom og kart

Bustadnummer

Når fleire leiligheiter har same adresse/inngang, har kvar leiligheit i tillegg sitt eige bustadnummer.

Ved å oppgi ditt bustadnummer til folkeregisteret gjer du det lettare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskare fram til di leiligheit.

Du får bruk for bustadnummeret i samband med installasjon av telefon, breiband og internett.

Ved flytting skal bustadnummeret førast opp på flyttemeldinga til folkeregisteret.

Kva tyder bustadnummeret?

Bustadnummeret er ein bokstav og fire tal. Nummeret står på eit adressemerke som skal klistrast på innsida av dørkarmen på ytterdøra di.

Bokstaven og dei to første tala betyr kva etasje leiligheita ligg i, dei to siste betyr leiligheita sitt nummer i etasjen, rekna frå venstre mot høgre.

Til dømes H0201: H står for hovudetasje, 02 står for andre etasje og 01 står for første bustad til venstre.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar