
Bjoa skule, SFO og barnehage er organisert som ei eining. Senteret ligg på Innbjoa, ca.17 km frå Ølen.
Bjoa barnehage er ein kommunal barnehage i same eining som skulen. Barnehagen har to avdelingar, Lykketroll og Skogstroll, og har plass til 30 barn. Pedagogisk leiar i barnehagen har ansvar for den daglege drifta av barnehagen, og rektor er styrar.
Opningstider: 06.45-16.30.
Bjoa skule er fådelt for 1.-7.trinn, og for dei som ønsker det tilbyr me leksehjelp og SFO. Visjonen er: «Varme, vekst og venskap». Skulen er med i Olweusprogrammet, som er eit antimobbeprogram.
Skuledagen startar kl.08.15, og sluttar mellom kl.12.00 og 13.45 ulike dagar.
Bjoa barnehage og skule ligg naturskjønt til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Me har gapahuk og lavvo i kort gåavstand, og både barnehagen og skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.
Her er fakta frå Skoleporten om Bjoa skule
Her er fakta frå Barnehagefakta om Bjoa barnehage
Facebooksida vår
Kontaktinformasjon
Adresse: Bjoavegen 1333, 5584 Bjoa
Rektor: Åse Markhus Berge
Telefon: 53 65 57 20 // 404 13 639
Ped.leiar: Wibeche Anita Døvik
Telefon: 53 65 57 28
SFO-leiar: Jonė Markovičiūtė
Telefon: 53 65 57 20 // 902 36 123