Søk i bildebasen og andre bibliotek
På internett kan du søka etter- og låna - bøker frå folkebibliotek og fagbibliotek i heile landet.
Under finn du lenker til nettstader å søka på og nokre låner du direkte frå.
NB! Alt er gratis og fraktfritt for deg!
Hugs du treng Nasjonalt lånekort med PIN-kode for å bestilla. Kom innom eller ring oss om du treng hjelp!
Biblioteksøk: I denne søkebasen kan du sjølv bestilla bøker frå dei aller fleste biblioktek i landet, på ein veldig enkel måte. Boka får du levert på Vindafjord bibliotek eller på "Bok i butikk" om du nyttar det.
Bildebasen til Vindafjord bibliotek. Her finn du gamle bilde frå kommunen, aller mest frå Ølen.
Boksøk: Her søkjer du etter bøker som er lettleste og/ eller tilpassa deg som slit med lesing. Deretter bestiller du dei frå kva bibliotek som helst.
DFB: = Det fleirspråklege bibliotek. Søk og bestill bøker, film, musikk på ynskt språk og få det sendt til Vindafjord bibliotek!
Bokhylla: Nasjonalbiblioteket har dei siste åra lagt ut mange bøker i fulltekst. Det same gjeld bilete og aviser. Her kan du leita og lesa!
Safarisøk: Treng du ei barne- eller ungdomsbok innanfor eit tema, kan det vera lurt å sjekka her kva Vindafjord bibliotek har i hyllene sine!
Kikkholet: Er du nysgjerrig på kva andre har lese, kva som sist er kjøpt inn til biblioteket osb., kan det vera moro å kikka innom her. Heilt lovleg!
Publisert15.10.2020 12.31