Vindafjord bibliotek

Søk andre stader

På internett kan du søka etter- og låna - bøker frå folkebibliotek og fagbibliotek i heile landet.
Under finn du lenker til nettstader å søka på og nokre låner du direkte frå.
NB! Alt er gratis og fraktfritt for deg!

Hugs du treng Nasjonalt lånekort med PIN-kode for å bestilla. Kom innom eller ring oss om du treng hjelp!

Biblioteksøk: I denne søkebasen kan du sjølv bestilla bøker frå dei aller fleste biblioktek i landet, på ein veldig enkel måte. Boka får du levert på Vindafjord bibliotek eller på "Bok i butikk" om du nyttar det.

Boksøk: Her søkjer du etter bøker som er lettleste og/ eller tilpassa deg som slit med lesing. Deretter bestiller du dei frå kva bibliotek som helst. 

DFB: = Det fleirspråklege bibliotek. Søk og bestill bøker, film, musikk på ynskt språk og få det sendt til Vindafjord bibliotek!  

Bokhylla: Nasjonalbiblioteket har dei siste åra lagt ut mange bøker i fulltekst. Det same gjeld bilete og aviser. Her kan du leita og lesa! 

Safarisøk: Treng du ei barne- eller ungdomsbok innanfor eit tema, kan det vera lurt å sjekka her kva Vindafjord bibliotek har i hyllene sine!

Kikkholet: Er du nysgjerrig på kva andre har lese, kva som sist er kjøpt inn til biblioteket osb., kan det vera moro å kikka innom her. Heilt lovleg!                               

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Dreganesvegen 40 Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60

Kontaktpersonar

Any Heggebø
Leiar
Tlf: 53 65 58 61
E-post: Send epost