Vindafjord bibliotek

Lånereglar for Vindafjord bibliotek

Det er gratis å låne bøker på biblioteket. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låne.

Lånetid og levering:

Bøker, lydbøker og dataspel: 4 veker

E-bøker: 3 veker

Tidsskrift: 2 veker

Språkkurs: 6 veker

Film, musikk: 1 veke

Det er høve til å fornye lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reservert av andre. Lånetida kan som regel forlengast via internett (Mappa mi), på sms eller ved å ta kontakt med biblioteket.

 

Lånekort:

Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. For å få lånekort, må alle over 15 år vise godkjent legitimasjon og godta reglementet. Før barn får lånekort, må ein av dei føresette godkjenne dette. Lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek.

Lånaren skal ha med lånekortet ved lån og må gi melding om endring i namn og adresse. Ved tap av lånekort må lånaren betale eit gebyr på kr. 25,- for å få nytt lånekort.

Institusjonar/organisasjonar kan få lånekort registrert på ansvarsperson. På dette kortet kan det berre lånast materiale som er nødvendig for verksemda, ikkje private lån.

Skjema for lånekort (PDF, 77 kB)kan bli tatt med ferdig utfylt til biblioteket.

 

Film:

Utlån av film følgjer tilrådd aldersgrense på kvar einskild film. Lånaren kan berre låne film med sitt eige lånekort. Lånetida er 1 veke. Filmane må bli behandla forsiktig. Det er forbode å kopiere filmar. Dei kan ikkje lånast eller leigast ut vidare. Det er også forbode å framføre dei offentleg. Meld frå til biblioteket dersom du finn feil ved filmane.

 

Avgrensing av  lån:

Barn under 15 år kan ha inntil 10 media og vaksne inntil 20 media på heimlån om gongen. Delar av samlingane er ikkje til utlån og kan berre bli nytta i biblioteket si opningstid.

 

Reservering:

Lånaren kan gratis reservere utlånte media, og biblioteket gir melding når reserverte media kan bli henta. Hentefrist er 1 veke. Ein kan bestille bøker og andre media via internettsida Mappa mi. Der kan du òg gjere deg kjent med kva som finst av bøker, filmar, lydbøker, blad, osb.

Biblioteket har også ein database for søk med bilete frå Vindafjord. Denne er på same vis tilgjengeleg via internett. Ved å vende deg til biblioteket får du oppgitt lånarnummer og PIN-kode. Desse brukar du for å logge deg inn i "Mappa mi".

Her kan du på ein enkel måte bestille bøker, filmar eller anna, for seinare å hente dei på biblioteket eller på ein av utlånsstasjonane for "Bok i butikk". Hentefrist er 1 veke.

 

Lån frå andre bibliotek:

Biblioteket låner gratis inn bøker og andre media frå andre bibliotek. Dette gjeld og media på andre språk. Eigarbiblioteket sine lånereglar gjeld. Studentar på heiltid som er knyta til studiestad med eige bibliotek, bør vende seg der.

 

Purring:

Biblioteket sender ut purring på media som ikkje er levert til rett tid. Etter 3 purringar vert det sendt krav om erstatning. Du kan få varsel på sms like før forfall på lån.

Satsar for erstatning blir fastsett i samband med budsjettvedtaket kvart år. Lånaren må betale vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteket si vurdering. For tida er purregebyra slik: 1. purring kr. 20, 2. purring kr. 40,3. purring kr. 60. Lånarar med over kr.100 i uteståande gebyr eller rekningar kan bli sperra for fleire lån til kravet er betalt.

Du kan miste retten til å låne for eit tidsrom som biblioteket bestemmer, dersom du ikkje følger lånereglane.

Barn under 15 år betalar ikkje purregebyr, men reglane om erstatning av tapt materiale gjeld.

 

Internett:

Biblioteket tilbyr Internett-tilgang i samsvar med Bibliotekloven §1 om lik tilgang til informasjon for alle, og er ikkje ansvarleg for innhaldet. Føresette er ansvarlege for barn sin bruk av internett på biblioteket.

Biblioteket har for tida 2 pc-ar til bruk for publikum.

Søking på Internett er gratis, men utskrifter kostar kr. 3,- for svart/kvitt og kr. 4,- for farge pr. side.

Dersom kø på bruk av Internett, kan bruken bli avgrensa til 1 time pr person pr gong.

Det er ikkje lov å sjå på eller laste ned stoff som bryt norsk lov. Det skal vere ro og orden og ein må difor nytte høyretelefonar for lyd.

Du kan miste retten til å bruke pc dersom du bryt reglane. Biblioteket har  tilbod om trådlaust nettverk på eigen maskin.

 

E-bøker:

Du kan låna e-bøker gjennom å lasta ned app'en Ebokbib til telefon eller nettbrett. Du treng lånekort og PIN-kode for å ta det i bruk.

Du kan lasta ned 5 bøker om gongen.Lånetida er 3 veker. Bøkene blir automatisk innlevert ved forfall.
Ingen purregebyr.

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Dreganesvegen 40 Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60