Bibliotek i Sandeid fengsel
I Sandeid fengsel er det ein liten bibliotekfilial som vert drifta av Vindafjord bibliotek. Driftskostnadene er fullfinansiert frå Nasjonalbiblioteket.



Filialen er open 2 gonger i veka, til saman i 6 t. I filialen kan dei innsette låne bøker, digibøker med spelar og ulike tidsskrift.
Interessa for biblioteket er stor. I snitt er vel halvparten av dei innsette innom biblioteket kvar veke. Snitt utlån i året er på godt over 40 lån pr. innsett.
Til samanlikning er det rundt 3 utlån pr. innbyggjar i Vindafjord pr. år.
Publisert22.03.2015 22.35