Vindafjord bibliotek

Velkommen til biblioteket!

Biblioteket - Klikk for stort bilete

Vindafjord bibliotek ligg i Ølen, samlokalisert med Ølen skule.

Me ynskjer alle velkomne for å låna bøker, DVD, musikk-CD, tidsskrift, lydbøker eller for å ta ein kikk på biletsamlinga vår. Det er også høve til å nytta internett.

Brosjyre på norsk, engelsk, polsk og litauisk 2018 (PDF, 2 MB)

Gjennom Pressreader kan du lesa aviser frå over 100 land, på 60 ulike språk!
Ein kjempeflott mulighet som du anten kan få del i ved å besøka biblioteket og lasta ned den/dei avisene du vil ha. Eller du kan lasta ned app'en Bibliofil, logga deg inn med lånarnummer og PiN-kode og lesa på nettbrett eller mobil det du vil. Meir info

Det er høve til å levera inn bøker på Joker Vikedal, Joker Vikebygd, Frøken Fryd Skjold, Shell Knapphus, Shell Sandeid og på Ølen senter.

Vindafjord bibliotek er eit "Lesar søker bok - bibliotek".

Fleire organisasjonar har gått saman om "Lesar søkjer bok", som òg samarbeider med 250 bibliotek. 

Du kan bestilla bøker på nettet ved å bruka Mappa mi. Her får du høve til, via nettet, å vera oppdatert på mange felt.

Vindafjord bibliotek er med i ei nasjonal transportordning mellom dei ulike biblioteka. Kvar måndag og onsdag kjem det eigen transportør som har med seg bøker og anna materiell som er bestilt til våre lånarar, for deretter å ta med seg bøker som skal frå vårt bibliotek til lånarar ein annan stad.

Det vil i praksis seie at du kan låne og levere bøker frå kva som helst bibliotek i landet. Kjempepraktisk!!!

I Sandeid fengsel er det ein liten bibliotekfilial som vert drifta av Vindafjord bibliotek. Driftskostnadene er fullfinansiert frå Nasjonalbiblioteket.
 

Biblioteket er nå stengt grunna flytting og ferieavvikling.

Opnar att kring 1. sept. -  på Sjøperlo.

Det er gratis å låne bøker på biblioteket. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låne.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Ølen skule Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60