Informasjon om koronatiltak

Her vil me oppdatere deg fortløpande på koronasituasjonen i kommunen vår. Det er fleire endringar som trer i kraft som følge av viruset. Les meir her

Vindafjord bibliotek

TIPS - Digitale bibliotek

Klikk for stort bileteSaknar du ei god bok til deg sjølv eller barna?
Likar du sjakk? 
Internett gir mange muligheter. På denne sida vil du finna lenker til nokre av dei mange mulighetene.
Sida vert jamleg oppdatert, slik at det er lurt å kikka innom av og til.
Nasjonalt lånekort og PIN-kode er inngangsporten til noko av dette. Treng du hjelp med det, kan du ringa:
Vindafjord bibliotek, tlf 53655860, måndag - fredag mellom kl. 09.00 og 13.00.

 

 

 

 

 

* Karanteket er ei fin-fin samleside for ulike sider knytt til bibliotektilbod. Karanteket 

* Trondheim bibliotek har laga ei samleside. Kikk innom den!

* E-bøker: Vindafjord bibliotek har tilgang til digitale bøker og lydbøker på app'en E-bokbib. Her lastar du ned og låner digitale bøker. Pågangen er for tida stor, men utvalet av bøker vil bli auka framover, så vær tålmodig og "still deg i kø". Åpp'en lastar du ned på nettbrett eller mobil. Du treng lånekort og PIN. Sjå over for kva tid du kan ringa oss og evt. få hjelp til det.
NB! Nokre bibliotek nyttar app'en Book bites. Den har ikkje lånarar ved Vindafjord tilgang til.  

* Filmbib:  Med lånekort og PIN-kode har du tilgang til kortfilmar som passar for barn, unge og/eller vaksne. Mange ulike kategoriar. Sjekk Filmbib

* Opplesing o..a frå Litteraturhuset i Oslo. Følg med på "direkten" - eller sjå i etterkant. For både barn og vaksne. Litt.hus

* Hele Norge leser: Ein nettbasert lesekampanje som passar for alle. Du treng ikkje kontakt med biblioteket for å bli med.  Sjekk her

* Aftenposten junior si nettutgåve er nå gratis for alle. Kjempebra lesestoff for barn Info her.

* Sjakk. Likar du sjakk? Eller kanhende du vil læra deg sjakk? På nettsida og app’en Lichess er det mange muligheter. Onsdag 25.03, kl 12 - 14 er det online-turnering her, i regi av "Sjakk og samfunn". Bli med? Lichess

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Dreganesvegen 40 Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60