Vindafjord bibliotek

Sjoar-akademiet: Tettare på Oddny

Klikk for stort bilete

TETTARE PÅ ODDNY!

Oddny Miljeteig vaks opp "på hi sio" av Åkrafjorden. Ho fyller 65 år i år og i samband med dette har journalist Kjersti Mjør skrive bok om Oddny sitt fargerike liv.
27.november kjem Oddny til Vindafjord bibliotek. Her kan me koma tettare på Oddny i samtale leia av bibliotekar Guri L. Ravatn.
Stikkord vert: Barndom, hybelbuar som 11-åring, aktivist i mållag og i SV, kreftsjukdom, Gudstru, adopsjon mm.
Her vert mykje å reflektera over og å kjenna seg igjen i, for alle.
Og, det vert truleg ikkje fritt for korkje tårer eller latter, som livet sjølv!
Boksal og signering. Gratis inngang. Kaffi, te og sjokolade.

 

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Dreganesvegen 40 Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60