Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Vindafjord bibliotek

I den perioden biblioteket har vore stengt, er det mange som har hatt glede og nytte av e-bøker, både på lyd og på skjerm. 
Digitale bøker låner du på app'en Allbok. 
Åpp'en lastar du ned på nettbrett eller mobil. Deretter opprettar du brukar. Du treng lånekort og PIN. Og så, kan du lasta ned og låna digitale bøker. Utvalet av bøker er stort og vil auka framover.
Meir info på Allbok.no

Treng du hjelp, kontakt oss på tlf 53 655860

Det er med glede me kan kunngjera at nå har endeleg Vindafjord bibliotek opna dørene igjen.
Frå og med måndag 3. august er me tilbake til omlag "normale tilstander". 

Me minner om desse smittevernreglane:

- Bruk handsprit
- Hald avstand
- Maks 30 min inne i lokalet
- 3.etasje er førebels stengt for publikum

Personalet syt for jamleg reinhald i opningstida.
 

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
Besøksadr.: Dreganesvegen 40 Postadr.: Pb 115,
5588 Ølen
E-post : vindafjord.bibliotek@vindafjor..
Telefon
: 53 65 58 60