Vindafjord bibliotek har ei ordning kalla "Bok i butikk".
Kort fortalt går dette ut på at lånarane kan bestilla bøker på internett, epost eller telefon og få desse kjørt til ein butikk eller bensinstasjon i nærleiken.
I katalogen vår kan alle sjå kva bøker, filmar, lydbøker, tidsskrift o.a.biblioteket har.
Når du har funne det du ynskjer, er det bare å klikka på "Bestill", og meldinga går til biblioteket. Materiellet vert køyrt til desse stadene kvar onsdag:
Joker- Vikebygd
Joker- Vikedal
Shell- Sandeid
Shell- Knapphus
Frøken Fryd - Skjold
Matkroken Imsland
Men... for å bestilla treng du tilgang til "Mappa mi". Dette kan du lesa meir om her.
For å nytta deg av ordninga må du ha lånekort. Det ordnar du med å trykka på lenka.
Du kan evt. fylla ut dette skjemaet (PDF, 113 kB) og senda biblioteket pr.post eller epost. Det er og mulig å kontakta oss på tlf. 53655860.
Publisert22.03.2015 22.23