Folkemøte

Kommunestyret vedtok i møte i 16. februar 2021 at kommunedirektøren skal leggja fram forslag til barnehage- og skulebruksplanen i januar 2022. Det vert folkemøte i februar/mars 2022, og høyring på kommunedirektøren sitt framlegg. Saka skal etter planen opp til politisk handsaming i mai 2022.

Følg informasjon på heimesida til Vindafjord kommune ang barnehage- og skulebruksplan. Me oppdaterer fortløpande etter kvart som me får nye opplysningar.