Laget rundt barnet

Kompetanseløftet for spesialpedagog og inkluderande praksis startar førprosjekt denne veka, så nå er me i gong! 

Prosjektmedarbeidar BTI, Anette N. Bakke Inger Kathrine Sundve

Vindafjord og Etne har søkt Statsforvaltaren i kvar sine fylke og samla fått innvilga 580.000 kroner til forprosjekt. Tilsvarande sum er innvilga til universitet/høgskule (UH-sektoren) som er med som partnar i kompetanseløftet.

I våre to kommunar og fylke betyr dette i praksis at Høgskulen Vestlandet (HVL) er med på laget for Vindafjord, medan Etne har Norsk Lærar Akademi (NLA). UH er allereie på banen og skal vera med på kartlegging og analysearbeidet fram mot hovudsøknad for gjennomføring av kompetanseløftet. 

Prosjektgruppa vår er felles for Etne og Vindafjord. Me har helse og oppvekst med oss, sjølvsagt inkludert dei interkommunale tenestene PPT og barnevern. Kommunalsjefane innan helse, oppvekst og samfunnsutvikling i Vindafjord og Etne er styringsgruppe.

Tilsett prosjektmedarbeidar 

I samband med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, er Anette Nesheim Bakke tilsett som prosjektmedarbeidar i 50 prosent stilling frå 14. september 2022 fram til neste barnehage- og skuleår.

Ho har kontorplass ved Rådhuset i Ølen, vil vera tett på prosjektgruppa, men også ha kontakt med einingane.