Barnehage og skule går frå gult til grønt nivå

Smittesituasjonen i Vindafjord blir vurdert som trygg, og i dag er det vedtatt at barnehagar og grunnskular går over til grønt nivå frå måndag.

To barnehagebarn i oransje kitlar lagar veggmåleri. - Klikk for stort bileteGrønt nivå betyr mellom anna at kohortane utgår, og barn og elevar kan vera saman på tvers av avdelingar, klassar og steg. Anne Wenche Vik

Regjeringa opna sist veke for grønt nivå i barnehagar og skular i kommunar med lite smitte. Kommunane kan sjølve bestemma kva tiltaksnivå som skal gjelda ut frå smittesituasjonen lokalt.

Kommuneoverlege Terje Kleiven har i dag hatt møte med kommunedirektør og kommunalsjef oppvekst om situasjonen i Vindafjord. Tema var mogleg overgang til grønt nivå for barnehagar og grunnskular.

Trygt i Vindafjord

Situasjonen i Vindafjord blir vurdert som trygg, og det er difor vedtatt at det blir overgang frå gult til grønt nivå frå og med måndag 31. mai.

Grønt nivå betyr mellom anna at det kan vera vanleg organisering av klassar og grupper. Kohortane utgår, og barn og elevar kan vera saman på tvers av avdelingar, klassar og steg.

Dersom smittesituasjonen endrar seg, kan kommunelegen vedta endring av tiltaksnivå til gult eller raudt nivå på kort varsel.

Smitteverntiltak

Det vil framleis vera smitteverntiltak. Mellom anna:

  • Ingen sjuke skal møta i barnehagen eller på skulen.
  • Det skal vera god hygiene og normalt reinhald.
  • Ein skal framleis unngå fysisk kontakt som handhelsing og klemming.
  • Tilsette er framleis anbefalt å halda avstand til andre tilsette.

Meir info om smitteverntiltak finn du på Folkehelseinstituttet og Helsenorge.no