Vats

Vats er frå gamalt av delt i to bygder (Øvre og Nedre Vats). Samla folketal, om lag 1200.

I Åmsosen vaks det fram landhandel m.m., knytt til rutebåtsambandet til Stavanger. Tidleg i førre århundre fanst det til og med hotell her.

På denne staden har Jakob Hatteland bygt opp ei høgkompetansebedrift innan IT-bransjen. Frå om lag midt på 80-talet vart verdas største oljeplattformer i betong bygde eller utrusta på Raunes i Nedre Vats. No har firmaet AF Decom tatt basen i bruk att, og bygt han ut for å kunne hogge opp dei mange oljeinstallasjonane i Nordsjøen, som skal bli utfasa.

På Knapphus i Øvre Vats er det eit lite sentrum, med fleire ulike slag verksemder, frå handel til sal/service.

Skulen for Vats-bygda ligg i Nedre Vats. I tidlegare Øvre Vats skule er det no barnehage. I Nedre Vats ligg kyrkja og Vindafjordhallen. Vindafjordhallen inneheld festlokale/serveringslokale og symjehall. Vindafjordtunet, kommunen sitt nye og moderne omsorgssenter, ligg også i Nedre Vats.

Grendeside Vats

Bilete av knapphus bensinstasjon og område rundt. - Klikk for stort bilete

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30