Skjold

Skjold er ei folkerik bygd  med omlag 1390 innbyggjarar. Skjold skule er den største skulen i Vindafjord, ein kombinert barne- og ungdomsskule, som i tillegg også tar imot ungdomsskuleelevar frå Vats og Vikebygd.

Bygda har sentralbaneanlegg og bygdahus/idrettshall lokalisert ved skulen. Her ligg også barnehage. Næringslivet, i tillegg til jordbruket, er m.a. knytt  til mindre handverksbedrifter innan bygg/anlegg. Skjold kyrkje er eit praktbygg, som i tillegg til kyrkjelege handlingar, vert mykje nytta til kulturverksemd, konsertar og kunstutstillingar.

Stadnamnet Haraldseid/Haraldseidvågen er knytt til soga om kong Harald Hårfagre. Historikarar er no i ferd med å lokalisere trasèen til det dei reknar med kan vere eit dragseid mellom Ålfjorden og Skjoldafjorden. Eit dragseid er ein veg der ein drar båtar over land, t.d over eidet mellom to fjordar. Eit slikt dragseid (holveg) finn vi også restar av i Sandeid.

Skjold er den delen av kommunen som har hatt størst vekst i folketalet.

Grendeside Skjold

Sentrum i skjold. Bankbygget med bank og cafe nede og legesenter oppe.  - Klikk for stort bilete

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30