Imsland

Imsland er den minste av bygdene i Vindafjord. Folketalet ligg på om lag 350.

I denne delen av kommunen finn vi fleire oppdrettsanlegg, både land- og sjøbaserte.

"Sentrum" i Imsland med ei flott lita gate med kvite hus.  - Klikk for stort bilete

Imslandsjøen er ei perle, som har noko av den best bevarte eldre trehusarkitekturen på våre kantar. Dei fleste av desse husa vart oppførte i den såkalla "varvartida", d.v.s. tida 1870-1890, då det vart bygt seglskip opptil storleiken skonnert/skonnertbrigg, fleire stader ved Imslandsjøen. Her ligg også kyrkja.

Skogen har opp gjennom tida spelt ei viktig rolle i Imsland. Også i dag vert det hogge og drive fram tømmer.

Bygda har barneskule og barnehage i same bygg. Det er fleire større hyttefelt i bygda. Kommuneplanen opnar også for ein del bygging av nye hytter i denne delen av kommunen.

Grendeside Imsland

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30