Ny i Vindafjord > Bygdene
Publisert 08.01.2018

Vikebygd ligg idyllisk til ved Ålfjorden.
Bygda har om lag 550 innbyggjarar, men på sommarstid mest doblar talet seg.

Publisert 23.11.2015

Ølensvåg er senteret for industri- og entreprenørskap i kommunen.
Fleire av dei største arbeidsplassane i kommunen held til her.

Folketalet i bygda er om lag 850 personar.
Avstanden til kommunesenteret er kort, berre ca 5 km,
så bygda har mykje samarbeid med Ølen både når det gjeld arbeidstid og fritid.

Publisert 23.11.2015

Bjoa er kulturbygda i kommunen, med rike minne frå fortida.

Ein kan nemna Steinslandssåta - ei bygdeborg på Innbjoa og kulturstien med helleristningar frå eldre bronsealder ved Hovlandsstø på Utbjoa.

Publisert 23.11.2015

Skjold er ei folkerik bygd  med omlag 1390 innbyggjarar. Skjold skule er den største skulen i Vindafjord, ein kombinert barne- og ungdomsskule, som i tillegg også tar imot ungdomsskuleelevar frå Vats og Vikebygd.

Publisert 23.11.2015

Vats er frå gamalt av delt i to bygder (Øvre og Nedre Vats). Samla folketal, om lag 1200.

I Åmsosen vaks det fram landhandel m.m., knytt til rutebåtsambandet til Stavanger. Tidleg i førre århundre fanst det til og med hotell her.

Publisert 23.11.2015

Sandeid var administrasjonssenter i Vindafjord den siste delen av tida som eigen kommune. Folketalet er i overkant av 1000 innbyggjarar.

Publisert 23.11.2015

Vikedal er på mange måtar lik Sandeid. Folketal, om lag 850.

Også Vikedal har gitt rom til ein vesentleg del av den kommunale administrasjonen.

Turistnæringa har spelt ei viktig rolle opp gjennom tida. I eller nær Vikedal sentrum ligg 3 campingplassar.

Publisert 23.11.2015

Imsland er den minste av bygdene i Vindafjord. Folketalet ligg på om lag 350.

I denne delen av kommunen finn vi fleire oppdrettsanlegg, både land- og sjøbaserte.

Publisert 23.11.2015

Der vegane møtest er ei god beskriving av kommunesenteret som frå gamalt av har vore eit kommunikasjonsknutepunkt for distriktet. Her møtest bussar frå aust, sør og vest med båten frå nord. 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30