Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Ølensjøen FUS barnehage AS

Klikk for stort bilete

 

Ølensjøen FUS barnehage er ein av  FUS 171 barnehagar eigd av Trygge Barnehagar.

Barnehagen er utvida og nytt bygg vart ferdigstillt haust 2014.
Me har no kapasitet til sju avdelingar, tre storbarnsavdelingar, og fire småbarnsavdelingar.

 

FUS Barnehagane har ein visjon som me er veldig stolte av og som pregar kvardagen vår:

Saman gir  me barndommen verdi: 
leik og glede
Kvardagsmagi og vennegaranti 

Hovedmål for FUS barnehagane er:
FUS- barn har eit positivt sjølvbilete
FUS-barn er trygge og forskande, dei trives i leik, har vennekompetanse
FUS-barn gler seg til resten av livet, dei veit at dei kan påverka og at innspela deira tel
FUS-barna har det kjekt i barnehagen

Å bruke nærmiljøet er eit mål for oss. Me har ein sentrumsnær barnehage med kort veg til sjø og natur, men også til idrettshall, skule og næringsliv. Med nyinnkjøpt minibuss kjem me oss rundt på lengre utflukter. Me nyttar samstundes lavo i Dinosaurskogen (v/idrettsbanen). Plassen vert nytta av alle barn og er etterkvart blitt eit fast turmål. 

Hos oss har me mange barn med fleirspråkleg bakgrunn, og me legg vekt på inkludering, aktivitetar som stimulerer språket og ivaretaking av ulike kulturar. 

Våre satsingsområder er: 
Egenledelse i leik og læring.
Kort fortalt handlar dette om korleis me vaksne, ved hjelp av  deltaking, og støtte i barne leik og samhandling, kan bidra til å utvikle barns sine evner til eigenleiing i leik og læring.
Å pushe barna til å klara sjølv, leggja til rette for barns meistring og vera eit støttande stilas for barna slik at dei klarar meir og får auka meistring (jfr. Vygotsky)

 

Fire viktige punkt innan egenledelse er:
* Vaksenrolla
* Leik
* Sosial kompetanse
* Språk

Bokprosjekt.

Me vektlegg å skape magiske stunder og eventyrlyst gjennom innhaldet i bøkene. I prosjektet jobbar ein med dei ulike fagområda i Rammeplanen.

Målet med å arbeide med bokprosjekt er :

  • At barna skal få oppleva at lesing er kjekt !
  • Barna skal få lyst og interesse for lesing
  • Barna skal få erfaring med ulike material, teknikk og ulike kunstutrykk.

Vårt kundeløfte består av fire grunnpilarar

  • Kommunikasjon
  • Eventyrlyst
  • Vennegaranti
  • Lekekompetanse

Ei erfaren og engasjert personalgruppe som har fokus på omsorg og læring i eit anerkjent miljø. Barna skal vera i saman med glødande, tilstadeverande, og skapande vaksne. 

Adresse: Litlehagen 4, 5580 Ølen

Telefon: 53 76 62 20

E-post: dl.olensjoen@bhg.no

Dagleg leiar: Jenny Haugland Gundersen

       

 Vår Facebookside: https://www.facebook.com/OlensjoenFUSbarehage?fref=ts

 

Foreldresamarbeid - SU

Barnehagerute

Vedtekter

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30