Nytt og nyttig om landbruket i Vindafjord

Haustutgåva av Vindafjordbruket er ute. Her er det mykje nyttig informasjon å finna, frå ulike tilskot og innsamling av landbruksplast til revisjon av kommuneplanen.

Kyr på beite ved med fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Hilbjørg Fludal

Ugraset landøyda er eit aukande  problem i Rogaland. Planta er svært giftig og spreier seg lett om ho ikkje blir fjerna. Landøyda er skadeleg for beitande dyr, spesielt storfe og hest som kan få leverskadar. Det er gjort ein avtale gjeldande frå nå ut 2023 som gir gardbrukarane lov til å sprøyta vegkantar som grensar til eigen eller leigd gard.

Jakt og skrantesjukeprøvar

Hausten er jakttid, og i år er det tildelt 1.176 løyve for hjort, 199 løyve for rådyr og kvotefri jakt på rådyr for 5 vald. Stadig fleire registrerer Sett hjort-data digitalt på appen Sett og skutt. Her kan også slaktevekter leggast inn.

I år må det det takast skrantesjukeprøvar (CWD) av alle vaksne hjort som er 2 år eller eldre. Dette er viktig arbeid som jegerane skal gjera sjølv i alle kommunar som er heimkommune for sau som beitar på Hardangervidda.

Tid for å søka tilskot

Hausten er også ei tid for å både søka om, oppdatera og bestilla ulike ting. Vindafjordbruket informerer og minner mellom anna om

  • Produksjonstilskot del 2. Her kan ein også søka om tilskot til bevaringsverdige storferasar.
  • Regionalt miljøtilskot 2021
  • Oppdatering av husdyrregister
  • Vilkår for beitetilskot
  • Tilskot til skogkultur
  • Årleg gjødslingsplan
  • Plantevernjournal
  • Plantebestilling

Dette og ein heil del anna finn du meir om i Vindafjordbruket - 2021 - Nr. 2 (PDF, 2 MB)