Vil du bli prosjektleiar for sommarskulen?

Vil du leia arbeidet med å skapa ein god sommar for barn og unge i Vindafjord? Etter ein langvarig pandemi vert sommaren 2021 spesiell for barn og unge. For å styrka tilbodet til denne aldersgruppa har kommunen fått midlar til å laga sommarskule .På bakgrunn av dette søker me ein prosjektleiar frå og med 15. mai til ut august.

Teikning av gut og jente med ransel og skulesaker. - Klikk for stort bilete DarkmoonArt Pixabay  

Engasjementet er på inntil 100 prosent, og er ledig frå 15.05.2021-31.08.2021. Tiltreding 15.05.2021.

Tilskotet skal bidra til at kommunen kan oppretta og halda eit sommartilbod, for at elevar i grunnskulen får delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar. Sommarskulen skal vera meiningsfull og fylt med læring, samhald og glede. Barn og unge skal oppleva meistring gjennom kurs av god kvalitet, samstundes som dei får moglegheit til å ha det kjekt og få nye vener.

På bakgrunn av dette søker me ein prosjektleiar frå og med 15. mai til ut august.

Arbeidsoppgåver:

  • Leia og organisera sommarskulen 2021 i Vindafjord
  • Rekruttera aktivitetsleiarar
  • Rettleia, organisera og følgja opp aktivitetsleiarar
  • Samarbeida og utarbeida avtalar med samarbeidspartnarar
  • Rapportera til styringsgruppa og halda økonomisk oversikt
  • Evaluera og skriva sluttrapport etter at sommarskulen er over

Les annonsa og korleis du søkjer her