Vaksinering mot influensa startar i veke 44

Vaksinekontoret får for tida mange spørsmål om når det blir oppstart av influensavaksine. Planlagt start for risikogruppene er i midten av november, og vaksinen er gratis for desse målgruppene.

Influensavaksine blir sett i skulder. - Klikk for stort bilete LuAnn Hunt, Pixabay

– Det er veldig positivt at så mange tar kontakt. Vindafjord kommune planlegg oppstart av vaksinering for risikogruppene i veke 44 og 45. Vaksinen blir i år gratis for dei det gjeld, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Det er ikkje opna for bestilling enno, og det vil i år ikkje bli lagt opp til drop-in. Meir informasjon om tid og stad kjem etter kvart.

Bestilling på nett og telefon

– Det vil i år bli lagt opp til timebestilling på nett og telefon. Vaksinekontoret vil bruka same bestillingssystem som ved koronavaksine og koronatest. Me anbefaler derfor alle som ikkje har orda elektronisk ID om å gjera dette, som for eksempel bankID og mobilID. Det er også flott om familiemedlemmer kan hjelpa med bestilling på nett slik at ein slepp unødvending venting på telefon, seier Økland

Vaksinen mot influensa beskyttar mot fleire ulike influensavirus. Influensavaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar som også kan gi influensaliknande symptom. Les meir om kven som er i risikogrupper, anna informasjon og sjå video her:

FHI om influensavaksine til risikogrupper

Gratis vaksine til målgruppene

On this link information about the flue vaccine will be presented in 19 different languages:

Flue vaccination in 1-2-3