Utdeling av hurtigtestar

Testkontoret har stor pågang på telefon frå folk som vil ha hurtigtestar. Dersom du eller dine ikkje har vore i kontakt med koronasmitta personar, får du ikkje hurtigtest.

Hurtigtest-sett. - Klikk for stort bilete Tom Cam, Pixabay

Tidlegare kunne alle melda si interesse og få gratis hurtigtestar til husstanden. Vindafjord kommune har begrensa lagerbehandling av hurtigtestar. Slik smittesituasjonen har vore dei siste vekene, blir hurtigtestane nå prioriterte til smittesporing.

Det vil seia at husstandsmedlemmer og nærkontaktar til koronasmitta er dei einaste som får utlevert hurtigtestar per i dag.

Ved positiv hurtigtest: Ta kontakt med testkontoret!

Du kan kjøpa godkjente hurtigtestar på apotek.

Bestill testtime

Dersom du har luftvegssymptom, ta kontakt med testkontoret for å bestilla time, eller bestill på nett.

Bestilla time på nett: Her finn du timebestilling på nett til koronatest.

Bestilling på telefon: Ring 53 65 60 34 kvardagar mellom klokka 08.00 - 12.00.

Lokale råd og tiltak