Stemningsfull julekonsert med KORe’ Vindafjord

KORe’ Vindafjord er godt i gong med øving til den årlege julekonserten. I år blir det halde to konsertar, i Vikebygd kyrkje 6. desember og Imsland kyrkje 8. desember.

JillWellington@Pixabay

På repertoaret står både klassiske norske julesalmar, og internasjonale julesongar. Det vert både korsong og solistinnslag, og nokre av melodiane er arrangert av dirigent Lasse Jarmer.

Dei fleste av dei 25 songglade medlemmene i KORe’ Vindafjord, er tilsett i Vindafjord kommune. Dei øver ein gong i veka, og mange har sunge saman sidan koret blei starta i 2007.  

Besøk nettsida www.korevindafjord.no for oppdatert informasjon om kva som rører seg hos KORe’ Vindafjord.