Oppsett time til dose 2 kan ikkje endrast

Gårsdagens melding om redusert intervall mellom dose 1 og 2, har ført til eit rush på telefon og e-post til vaksinekontoret. Dei som tek kontakt vil endra time for å til unngå vaksinering i ferien.

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteFramover ser det ut til at Vindafjord vil få rundt 350 dosar i veka. Ellen Marie Hagevik

Etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) bestemte regjeringa måndag å korta ned intervallet mellom første og andre dose koronavaksine. I staden for 12 veker mellom dosane, går ein no ned til ni veker.

For dei over 65 år, og dei med underliggande sjukdommar, er framleis tilrådd intervall seks veker.

Ikkje mogeleg å endra

Endringa gjeld frå denne veka, med tilbakeverkande kraft frå veke 20 i kommunar der det er praktisk mogeleg. Tilbakeverkande kraft har fått folk til å ty til både vaksinetelefon og e-post for å få endra oppsett time.

– Alle som tar kontakt ønskjer å endra vaksinedato for å unngå vaksinering i ferien. I Vindafjord vil det nye intervallet gjelda frå og med denne veka. Det er ikkje mogeleg å endra på allereie oppsette timar for dose 2. Det betyr at timen du fekk tildelt då du fekk dose 1 framleis gjeld, seier Lene Skartland ved vaksinekontoret.

Færre vaksiner dei kommande vekene

Sist veke vart det det sett ny vaksinerekord i Vindafjord med 673 dosar. Denne veka blir det ingen ny rekord.

– Me startar nå på den første veka med redusert mengde dosar. I vekene framover ser det ut til at me vil få rundt 350 dosar. Slik det ser ut nå, vil det vera nok til at alle over 18 år har fått tilbod om ein dose koronavaksine rundt midten av juli, seier Skartland.