Ole Olsen Hauge og hustrus legat 2021

Legatsmidlar kan søkast av personar og husstandar med vanskeleg økonomi, og ungdom under utdanning etter vidaregåande skule. Søkar må vera busett i bygda Haugsgjerdet eller Ølen sokn.

Rebekka D, Pixabay

Du finn søknadsskjema her (PDF, 504 kB), eller får skjema ved å venda deg til servicetorget på rådhuset i Ølen.

Berre søknadar på dette søknadsskjemaet og kopi av skatteoppgjeret 2020 vil bli behandla. Det er ikkje tilstrekkeleg med utkast til skattemelding.

Søknadsfrist: 22. november 2021

Søknaden skal sendast til:

Soknepresten i Ølen
Rådhusplassen 1
5580 Ølen