Nye aktivitetar i Gøy på landet

Neste veke er det søknadsfrist for del 2 av Gøy på landet. Fleire nye tilbod er kome til, og Gøy på landet samarbeider også med Frivilligsentralen om aktivitetar.

Klikk for stort bilete

Gøy på landet har så langt vore ein suksess med mange barn og unge på aktivitetar over heile kommunen. Dei to siste vekene før skulestart 16. august er det ny runde med aktivitetar. Påmeldingsfristen er torsdag 29. juli.

Gå til Gøy på landet for påmelding

I tillegg til det som er av tilbod frå før, har det kome til songkurs på Sjøperlo i veke 31 og paintball på Frønsdal i veke 32. Begge aktivitetane er for 8.-10. klasse.

– Me har også eit samarbeid med Vindafjord Frivilligsentral om aktivitetar for 7.-10. klasse. I veke 31 er det Høyt og lavt klatrepark. I veke 32 er det teikneseriekurs, skatekurs og fotokurs. Du melder deg på same skjema som resten av Gøy på landet, seier prosjektleiar Aleksander Vølstad.

Vindafjord kommune si Facebook-side finn du fleire postar med bilete frå aktivitetane