Ny runde med koronamidlar til lokale verksemder

Vindafjord kommune har på ny fått tildelt midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Den tredje tildelinga er på 585.000 kroner, og søknadsfristen er 25. september.

Dresskledde personar i lilla bilete med blå koronavirus rundt. - Klikk for stort bilete Gerd Altman, Pixabay

Støtta skal gå til

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Støtte til verksemder innanfor overnatting, reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Målgruppe

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune. 

Søknaden må dokumentera tap som følge av smitterverntiltak og nedstenging.

Meir informasjon og korleis søka finn du her