Har du ein kandidat som er verdig ein pris?

Vindafjord kommune skal dela ut ei rekke prisar og eit kulturstipend til ungdom. Me treng forslag på kandidatar som bur i Vindafjord. Fristen for innspel og søknad er utvida til 1. juli.

Stablar med myntar og stilisert hus. - Klikk for stort bileteKulturstipend og byggeskikkpris er to av fem prisar og stipend som skal delast ut i år. Nattanan Kanchanaprat, Pixabay

Kulturpris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag som har gjort ein særleg fortenestefull innsats i kommunen innan det utvida kulturbegrepet.

Omsorgs- og inkluderingspris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar – og i særleg høve bedrifter –som på ein positiv måte har bidrege gjennom friviljug arbeid til å gje medmenneske respekt og eit meiningsfult og verdig liv.

Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.

Næringspris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller firma som har gjort ein innsats for næringsarbeidet i kommunen.

Byggeskikkpris

Byggeskikkprisen kan delast ut til den som på ein god måte tek vare på eldre bygningar og heilskapelege bygningsmiljø, eller har sett opp nybygg, tilbygg eller påbygg.

Det skal vektleggjast korleis bygningsmiljøet er teke i vare, saman med tilhøyrande anlegg som parkar, hageanlegg, skulpturar, bruer og uterom.

Kulturstipend må ungdomane sjølve søka

Stipendet kan søkjast av ungdom, i alder 13-25 år, som bur i eller på anna vis er knytt til Vindafjord.

Stipendmidlane skal nyttast til å gjennomføra særskilde kulturoppgåver, utdanning, trening eller perfeksjonering for aktiv kulturinnsats. Søknad skal sendast til

Nominer kandidat og søk om stipend på dette skjema 

Det er utvida frist til 1. juli.

Meir informasjon om dei ulike prisane og kulturstipendet finn du på heimesida til Vindafjord kommune.