Forsterka koronaråd i Vindafjord kommune

Vindafjord kommune har fredag kveld vedteke å gå ut med forsterka råd til innbyggarane. Årsaka er høge smittetal og aukande press på helsetenesta både i kommunen og i helseføretaket.

Smitten er nå spreidd i alle delar av kommunen, og kommuneoverlegen ser det difor som naudsynt å koma med forsterka råd til befolkninga for å sikra at ein ikkje mister kontroll på situasjonen.

Arrangement kan gjennomførast i helga som planlagt, men med auka fokus på forsterka smittevern, inkludert konserten med Maria Mena.

På arrangement der det er vanskeleg å halda avstand til andre, er det eit klart råd å bruka munnbind.

Det er også viktig at personar som har symptom på akutt sjukdom, særskilt luftvegssymptom, ikkje møter på slike arrangement.

Gult nivå

Skular og barnehagar i Vindafjord går over til gult nivå frå kommande veke.

Det inneber mellom anna at ingen skal møta sjuke, inndeling i kohortar der ein klasse er ein kohort, unngå handhelsing og klemming, forsterka reinhald, trinnvise kohortar på SFO og eigne område i skulegarden for ulike kohortar.

Dette er dei forsterka råda

  • Alle med teikn til akutt sjukdom (spesielt luftvegssymptom) skal halda seg heime.
  • Personar over 12 år skal testa seg med hurtigtest ved symptom.
  • Hald avstand til andre.
  • Uvaksinerte vert oppfordra til å vaksinera seg.
  • Reduser talet på nærkontaktar.
  • Dei som har høve til det bør ha heimekontor. Unngå mingling på arbeidsplassen.
  • Det skal vera forsterka smittetiltak på alle arrangement. Dette inneber spriting og vasking av hender, legga til rette for at ein kan halda avstand osv..
  • Bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand innandørs.
  • Serveringsstadar bør berre servera ved bord.

Tiltak i kommunen

  • Kommunen opprettheld påbod om bruk av munnbind for tilsette i institusjonar og heimetenesta. Dette gjeld også for besøkande.
  • Kommunen innfører gult nivå ved alle skular og barnehagar i Vindafjord.