Du kan bestilla influensavaksine for andre

Det er mogeleg å bestilla time til influensavaskine for andre. Du går då inn via eigen ID-port. Under finn du oppskrift på korleis du gjer det.

Influensavaksine blir sett i skulder. - Klikk for stort bilete LuAnn Hunt, Pixabay

Det blir timebestilling på Remin på lik måte som bestilling for koronatest og koronavaksine. Me anbefaler derfor alle som er i risikogruppe å bestilla time på nett  for å unngå telefonkø.

Slik bestiller du vaksinetime for andre (PDF, 387 kB)

– Me oppfordrar pårørande å hjelpa til ved bestilling av time. Du går då inn via eigen ID-port. Det er også eit alternativ å ringa i vaksinekontoret sine åpningstider, men då må du vera innstilt på ventetid, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Bestilling av time

Bestill på Remin

Bestiller du via mobil, skroll ned til influensavaksine.

Send e-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Ring vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42 kvardagar mellom klokka 09.00-12.00

Betaling

Influensavaksine: Gratis for alle i risikogruppene. Det er også eit alternativ å få sett vaksinen i samband med time hos fastlegen din. Hos fastlege må du betala ein eigenandel på 50 kroner om du ikkje har frikort. 

Pneumokokkvaksine: 500 kroner

NB! Me tek ikkje kontantar, berre kort eller Vipps. Betaling skjer ved inngang.

Meir informasjon om årets influensavaksine 

Sjå også informasjon om vaksiner på heimesida til Folkehelseinstituttet

Husk elles på

  • Du skal ikkje møta opp til time om du har luftvegssymptom
  • Møt opp til rett tid. Vent gjerne i bilen om du er for tidleg ute.
  • Du vil få utdelt munnbind til bruk i lokalet.
  • Bruk handsprit og hald avstand.
  • Ha på praktiske klede for vaksinering i overarm. 
  • Du blir observert i 20 minutt etter at du har fått vaksinen.

Åpningstider Ølen Kulturhus

Veke 44

  • Måndag 1. november  kl. 12.00-14.45  
  • Tysdag 2. november   kl. 12.00-17.45
  • Onsdag 3. november  kl. 12.00-14.45
  • Torsdag 4. november  kl. 12.00-17.45

Veke 45

  • Måndag 8. november   kl. 12.00-14.45
  • Tysdag 9. november    kl. 12.00-17.45
  • Onsdag 10. november kl. 12.00-14.45