Budsjett 2025 og økonomiplan 2025–2028 til offentleg ettersyn

Formannskapet i Vindafjord behandla i sitt møte 26. november 2024 framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan 2025–2028 for Vindafjord kommune. Innstillinga til kommunestyret med framlegg til vedtak vert lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av kommuneloven § 14-3 og plan- og bygningslova § 11-4.

Bilete av PC og kalkulator - Klikk for stort bilete TheDigitalWay@Pixabay

 

Innspel og høyringssvar kan sendast på e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no eller pr. post til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Høyringsfrist 13. desember 2024Alle høyringssvar innkomne innan fristen blir sendt til kommunestyret. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte den 17. desember.

Saksdokument:

Budsjettframlegget finn du her (digital versjon): https://pub.framsikt.net/2025/vindafjord/bm-2025-budsjett2025op2528fs

Alle andre saksdokument finn du ved å trykke her.

Ei oppsummering som visar endringane i formannskapet i høve kommunedirektøren sitt framlegg finn du her.

Dei alternative budsjettframlegga som ikkje fekk fleirtal i formannskapet finn du her:

·         Høgre og Frp

·         Vindafjordlista og SV