Alle over 65 år har fått minst éin dose

Vindafjord kommune er nå godt i gang med vaksineringa. Alle over 65 år skal ha fått minst éin dose i løpet av veke 16. Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine i denne gruppa, må dei kontakta vaksinekontoret.

Eldre kvinne får koronavaksine. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik  

Frå veke 17 vil vaksineringa gå over i gruppe 5 som gjeld dei med underliggande sjukdom som er meldt inn via sin fastlege. Desse personane er allereie blitt kontakta og har gitt samtykke til vaksine.

– Denne gruppa må venta til dei får nærare beskjed frå vaksinekontoret om time. Det er ikkje nødvendig å ringa vaksinekontoret om dette. Om du meiner du har underliggande sjukdom og ikkje har blitt kontaktet av oss, må du ta kontakt med fastlegen din. Vaksinekontoret har ingen tilgang til diagnose eller gjer medisinske vurderingar, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Vaksinerer med Pfizer

Det blir utelukkande vaksinert med  mRna-vaksina til Pfizer. Vaksina består av 2 dosar med eit intervall på 6 veker.

– Nå som det nærmer seg ferie, er det viktig at du planlegg for dose 2 når du seier ja til vaksine. Me får like tal doser etter 6 uker, og kan ikke vere fleksible i forhold til dose 2, seier Økland.

Ved oppstart av vaksineringa låg føringane frå Folkehelseinstituttet på eit skille på dei født frå 1955 og eldre. Det gjeld dei som har fylt eller fyller 65 år i løpet av 2021. Det medfører at personar født i 1956 ikkje vil få tilbod om vaksine før dei som er meldt inn fra fastlegane med underliggande sjukdommar er ferdig vaksinerte.

Aldersgruppa 1956 vil imidlertid bli prioritert først for vaksine når me opnar opp for resten av befolkninga. Alle folkeregistrerte innbyggarar i Vindafjord innmeldt i skatteetaten med mobilnummer,  vil få ein SMS med oppfordring om å bestilla time når den tid kjem. I tillegg til SMS, vil det også bli lagt ut informasjon på nettsidene til Vindafjord kommune.

AstraZeneca

– Mange lurer nok sikkert på vidare plan for denne vaksinen som allereie har fått dose 1. AstraZeneca blir truleg tatt ut av vaksinasjonsprogrammet i Noreg. Ifølge Folkehelseinstitituttet kjem det sannsynlegvis anbefalinger om anna koronavaksine som dose 2. Me følger denne saken tett, og kjem tilbake med mer informasjon når me veit meir, seier Økland

Lese meir om dette her

Timebestilling på nett

Framover vil det i hovudsak bli lagt opp til timebestilling på nett for vaksine på lik måte som bestilling av koronatest. Me anbefaler derfor alle å ha norsk bankID eller norsk bankID på mobil.

Dei som ikkje er norske statsborgarar, eller ikkje er meldt inn via skatteetaten, må ringa vaksinekontoret eller senda ein e-post til Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Ny telefontid ved vaksinekontoret

Vaksinekontoret endrar sine åpningstider på telefon til klokka 09.00 – 12.00 på kvardager frå måndag 19. april. Mobilnummeret er 91 30 38 42.

Vaksinekontoret kan også kontaktast på Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.