589 vindafjordingar er fullvaksinerte

Denne veka har 226 fått dose 1 og 116 har fått dose 2. 589 vindafjordingar er fullvaksinerte. Ein vaksinerer nå i gruppe 6. Det er dei med underliggande sjukdommar eller tilstandar i aldersgruppa 45-55 år.

Person blir vaksinert i kulturhuset i Ølen. - Klikk for stort bileteVaksineringa vil halda fram i Ølen kulturhus dei kommande vekene. Ellen Marie Hagevik   

– Me er godt i gang med prioriteringsgruppe 6, som vil seia dei frå 45-54 år med underliggande sjukdommar eller tilstandar. Parallelt med desse vil me halda fram med vaksinering av helsepersonell. Dei får om lag 10 prosent av vaksinedosane, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smitte.

Etter ein liten topp i levering av vaksiner denne veka, er kommune førespegla ein liten nedgang i tallet på vaksiner dei neste vekene.

Følger føringane til Folkehelseinstituttet

Alle som er innmeldt frå fastlege med underliggande sjukdom i gruppe 6, blir kontaktet fortløpande.

– Det er viktig at folk viser forståing for at me held oss til føringar frå Folkehelseinstituttet i vårt arbeid. Om naboen får vaksine nokre veker før deg, er det gjerne ei årsak til det, seier Økland.

Det er bestemt at personar som fekk AstraZeneca som dose 1, skal få tilbod om dose 2 med mRNA- vaksine.

– I vårt tilfelle vil det seia at alle får tilbod om Pfizer-vaksinen. Dose 2 skal settast innanfor det anbefalte intervallet for vaksinen frå AstraZeneca på 9 til 12 veker, seier Økland.

Meir om dette kan du lesa her

Kva kan ein gjera når ein er vaksinert?

Ein har stadig sikrare kunnskap om at vaksine beskyttar godt mot å bli sjuk og mot å smitta vidare. Den kunnskapen blir brukt til å letta på tiltak der det er mogeleg. Under finn du nokre råd og reglar som er avklara.

Kva kan vaksinerte gjera nå?