-
Dato
-
19. september 2023
-
Tid
-
18:00 - 20:00
-
Stad
-
Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo
UngTysdag held til på Kultur og læringssenteret, Sjøperlo i Ølen, og har ope kvar tysdag klokka 18.00 - 20.00. Det er inga plikt til oppmøte.
Tilbodet er gratis, og du står fritt til å stikka innom oss i opningstida. Det er også gratis mat kvar gong.
På UngTysdag kan du mellom anna henga med vener, høyra på musikk, spela brettspel, game, synga karaoke, bingo, kahoot, quiz, og du kan delta på ulike kurs.
Det kjem ungdom frå alle bygdene, så stikk innom du også!
Behov for transport?
Rutebussen går frå Imsland kl. 16.00 og frå Vikebygd kl. 17.20, sjå Kolumbus.no.
Med midalr frå prosjektet "Heim for ein 50-lapp" ordnar me transport heim. Pris: 50 kr.
Påmeldingsfrist: måndagar kl. 15.30 på tlf: 48 18 40 78.
Arrangør
-
-
Vindafjord Frivilligsentral