Føredrag om bruk av DNA i slektsforsking

Laurdag 26. november blir det føredrag om bruk av DNA i slektsforsking på Vindafjord bibliotek.

Dato
26. november 2022
Tid
11:00 - 13:00
Stad
Biblioteket

Sigmund Steinsbø kjem og fortel kva ein kan forvente å finne om ein brukar DNA-test som metode i slektsgransking.
Slektsgransking er ein svært utbredd hobby, og mange har tatt – eller vurderer å ta - DNA-test for å kartlegge. Men kva kan ein forvente av slike testar, og korleis gjer ein nytte av opplysningane?

Sigmund vil ta ein gjennomgang av kva DNA er, kva selskap som tilbyr slike, samt korleis ein kan nytte teknologien, kunnskapen og resultata frå testane i eiga slektsgransking.

I tillegg blir det slektskafè klokka 11.00-15.00 som vanleg den fjerde laurdagen i månaden. 
På slektskafèen kan alle som er interessert i slektsgransking kome innom for ein god samtale. Det vil vere frivillige frå Slekt og Data Haugaland tilstade for å gje råd og rettleiing. Ta gjerne med eigen pc.

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland