Monsterbesøk - Familieteater med Adele Lærum Duus

Under Falturiltu kjem det monster til biblioteket.

Dato
5. november 2022
Tid
12:00 - 12:45
Stad
Biblioteket
Adele Lærum Duus kjem med førestillinga "Monsterbesøk"

Tek du turen på biblioteket klokka 12.00 laurdag 5. november treff du på bestevenene Storemonster og Veslemonster. Dei to har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leika, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko kjekt å leika aleine. Skal tru om dei kan leika saman alle tre?

Denne framsyninga byggjer på ein serie nordiske monsterbøker av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güttler, og passar for barn frå 3 år.

Det er Adele Lærum Duus, som driv sitt eige teater ”Lys levende Adele” og som har laga fleire kritikarroste teaterførestellingar basert på eigne og andre sine bøker som står for framsyninga.  

Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Falturiltu – nynorsk barne- og ungdomsbokfestival.

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland