Slektskafè

Er du interessert i slektsforsking og har lyst til å kome i prat med andre med same interesse?

I lag med Slekt og data Haugaland startar biblioteket opp igjen slektskafè ein laurdag i månaden. 

Dato
26. november 2022
Tid
11:00 - 15:00
Stad
Biblioteket

På slektskafèen kan alle som er interessert i slektsforsking kome innom for ein god samtale. Meininga er at ein skal kunne treffast for å utveksle erfaringar og for å få inspirasjon. Det vil vere frivillige frå Slekt og Data Haugaland tilstade for å gje råd og rettleiing.

Ta gjerne med eigen pc. 

Denne hausten er det laurdagane 24. september, 29. oktober og 26. november som er sett av. 

Velkomen til alle som likar å forske i slektshistorie.
 

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 24.09.2022 11.00 - 24.09.2022 15.00
  2. Laurdag, 22.10.2022 11.00 - 22.10.2022 15.00
  3. Laurdag, 26.11.2022 11.00 - 26.11.2022 15.00