Bokbad med Mímir Kristjánsson og Tom Hetland

Velkomen til ein interessant kveld der forfattar, journalist og politikar Mímir Kristjánsson  i lag med  politisk kommentator, tidlegare journalist og sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland vil samtale om ulike tema frå boka Mamma er trygda.

Dato
28. september 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Biblioteket

Mímir Kristjánsson skilder i boka forholdet til si eiga mor som blei sjuk av kreft då han var eit barn. Sidan har mora vore kronisk sjuk og levd med sterke smerter og krevjande medisinsk behandling. Grunna dette kunne ho ikkje lengre utføre sitt arbeid som lærar og blei uføretrygda. Det blei mange rundar med Trygdeetaten og seinare NAV. Kva skjer med ein familie som opplev slikt?

Boka er årets bok i «Heile Rogaland les» og kan hentast på Vindafjord bibliotek og på utleveringsstadane til «bok i butikk frå laurdag 17. september. Boka kom ut i 2019 og fekk mykje merksemd i media då ho kom ut.

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland