Tru det eller ei – teatervandring i Dokken

Haugalandmuseet går nye vegar i formidlinga av lokal kystkultur. Denne onsdagen inviterer me, i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Haugesund, til ei teatervandring med Dorthea i Dokken.

Dato
17. august 2022
Tid
12:00 - 13:00
Stad
Dokken museum, Brugata 1D, 5523 Haugesund

Grethe Nygaard OBS! Berre 30 billettar. Reserver din gratisbillett på Ticketco. Arrangementet er for seniorar frå 60 år og oppover. Velkomen!

Tenestejenta Dorthea er aleine igjen i Dokken, medan alle andre er i gravferd i Skåre kyrkje. Bli med Dorthea på ei tidsreise tilbake til 1870-åra, og til ein unik del av Haugesund. Forestillinga gir innblikk i tru og overtru i Haugesund for omkring 150 år siden. Gjennom song og fortelling får publikum høyra om livet i Dokken, om losyrket, om bedehuskulturen, og overtru både til lands og til vanns.

Kulturopplevelsen er gratis og varer ca. 45 minuttar. Etterpå byr me på kaffe og kringle!

 

Arrangør

Haugalandmuseet