Litterært pusterom

Biblioteket har litterære pusterom fredagar i oddetalsveker kl. 12.00-13.30. Her kan du koma for å finne roa og høyre gode tekstar i lag med andre.

Dato
26. november 2021
Tid
12:00 - 13:30
Stad
Sjøperlo

Litterære pusterom er eit lytt – prat opplegg kor ein leseleiar les ein tekst høgt før ein samtalar om opplevingane av teksten. Erfaringane er at ein får spennande samtalar når ein deler inntrykk og refleksjonar som dukkar opp undervegs. Tekstanalyse er ikkje eit tema på litterære pusterom, berre kva tankar ein gjer seg om sjølve teksten.

Det er inga førebuing, og ein vel sjølve kor mykje ein vil vere med i samtalen. Gevinsten av å vere med er at ein får kopla heilt av den stunda det litterære pusterommet varer.

Velkomen til høgtlesing for vaksne på biblioteket.

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 17.09.2021 12.00 - 17.09.2021 13.30
  2. Fredag, 01.10.2021 12.00 - 01.10.2021 13.30
  3. Fredag, 15.10.2021 12.00 - 15.10.2021 13.30
  4. Fredag, 29.10.2021 12.00 - 29.10.2021 13.30
  5. Fredag, 12.11.2021 12.00 - 12.11.2021 13.30
  6. Fredag, 26.11.2021 12.00 - 26.11.2021 13.30
  7. Fredag, 10.12.2021 12.00 - 10.12.2021 13.30