Konsert med Håvard Ersland trio

Håvard Ersland Trio kjem til Ølen og skal ha to konsertar i Sjøperlo Hall torsdag 14. oktober.

Dato
14. oktober 2021
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Sjøperlo Hall

Bilete av musikkbandet Håvard Ersland trio - Klikk for stort bileteHåvard Ersland trio Privat Klokka 19.00 framfører Håvard Ersland Trio jazzmusikk av høg kvalitet med store mengder speleglede, lyriske komposisjonar og god stemning.

Pris: 100,-

Håvard Ersland Trio er ein ung trio som består av bandleiar og pianist Håvard Ersland som kjem frå Imsland, Stian Andreas Egeland Andersen på kontrabass og Axsel Skalstad på trommer.

Musikarane Håvard har med seg i bandet er ettertrakta frilandsmusikarar og er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen. Trass sin unge alder er dei nærast telepatisk samspelte, heiter det i eit presseskriv - heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spennande konsertopplevingar på kvar konsert.
Det er høg kvalitet på låtmaterialet trioen serverar, og komposisjonane vert krydra med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede. Det er bare å gleda seg til ein stemningsfull konsert med lekne og fengande låtar skrivne av Håvard Ersland sjølv.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
100

Arrangør

Kultur- og læring

Kontakt

Berit Hetland