Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

HØYT MED ERIKA FATLAND

onsdag 28. oktober 2020, 20.00 - 21.30

Informasjon

 Klikk for stort bilete Erika Fatland har på ny gjort ei eventyrleg reise. Onsdag 28.10 kjem ho til Vindafjord bibliotek for å fortelja om denne. Denne siste reisa gjekk til svimlande høgder, til det mytiske Himalaya, fjellkjeda som buktar seg gjennom fem svært ulike land. Der vert verdsreligionane islam, buddhisme og hinduisme blanda med eldgamal sjamantro. Tallause språk og vidt forskjellige kulturar lever i dei gøymde fjelldalane.

 

Mange har fortald oss om eigne reiser og prestasjonar i dette området, men få har møtt menneska som lever i Himalaya i dag. Fatland har møtt dei på nært hald og i boka si lar ho dei fortelja om tradisjonar og moderne politikk, om krig og klimaendringar, om kjærleik, krutsterk chilli og levande gudinner i globaliseringa si tid. Reisa hennar gjekk gjennom utrulige landskap og dramatisk, ukjend verdshistorie – heilt frem til vår tids brennbare konfliktar.

 

Alt dette kan du få høyra om på Sjøperlo onsdag 28.10. Det er også mulig å få kjøpa boka hennar. Me reknar med at her vert mange tilhøyrarar, så av omsyn til smittevernet kan du velja mellom to klokkeslett. Det er mogeleg å melda seg på førehand.
Velkomne skal de vera! Inngangspengar kr. 100. 

Stad

Vindafjord bibliotek
 

Kontakt

Vindafjord bibliotek
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk