Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

HØYT MED ERIKA FATLAND

onsdag 28. oktober 2020, 18.00 - 19.30

Informasjon

Klikk for stort bilete Erika Fatland har på ny gjort ei eventyrleg reise. Onsdag 28.10 kjem ho til Vindafjord bibliotek for å fortelja om denne. Denne siste reisa gjekk til svimlande høgder, til det mytiske Himalaya, fjellkjeda som buktar seg gjennom fem svært ulike land. Der vert verdsreligionane islam, buddhisme og hinduisme blanda med eldgamal sjamantro. Tallause språk og vidt forskjellige kulturar lever i dei gøymde fjelldalane.

 

Mange har fortald oss om eigne reiser og prestasjonar i dette området, men få har møtt menneska som lever i Himalaya i dag. Fatland har møtt dei på nært hald og i boka si lar ho dei fortelja om tradisjonar og moderne politikk, om krig og klimaendringar, om kjærleik, krutsterk chilli og levande gudinner i globaliseringa si tid. Reisa hennar gjekk gjennom utrulige landskap og dramatisk, ukjend verdshistorie – heilt frem til vår tids brennbare konfliktar. Det er også mulig å få kjøpa boka hennar.

 

Alt dette kan du få høyra om på Sjøperlo onsdag 28.10. Me reknar med at her vert mange tilhøyrarar, så av omsyn til smittevernet kan du velja mellom to klokkeslett. Det er mogeleg å melda seg på førehand. Inngangspengar kr 100.
Velkomne skal de vera

Stad

Vindafjord bibliotek
Dreganesvegen 40,  5580 Ølen

Tlf.: 53655861

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL: http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Any Heggebø
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk