Alt om korona i Vindafjord

Smittesituasjonen | Tiltak | Testing | Informasjon

Gå til temaside om koronaviruset

AVLYST! LES I LAG - Lesegruppe for alle. AVLYST!

onsdag 4. november 2020, 12.00 - 13.30

Informasjon

Har du høyrt om «Shared reading»?
I haust vert dette eit av tilboda frå Vindafjord bibliotek. «Shared reading» - eller «Les i lag» - er ein metode for opne lesegrupper, nytta i fleire land og meir og meir i ulike samanhengar i Noreg.
Tilbodet passar for menn og i kvinner i alle aldrar, for deg som likar å lytta til eller å prata med andre om gode tekstar. «Les i lag» er ope for alle og utan krav til førebuing eller innsats undervegs. Her kan alle vera med.
Lesestunda tar om lag ein og ein halv time. Stunda vert førebudd og styrt av  ein utdanna leseleiar. I Vindafjord er det to utdanna leseleiarar, Ingrid M. Sørvåg og Guri L. Ravatn. Begge desse deltek på gruppene i haust. 
Leseleiaren les høgt og legg inn pausar til samtale om det som er lest. Kvar lesestund har ei novelle og eit dikt som innhald. Det er gratis å vera med og det vert servert kaffi, te og litt å bita i.
Grunna smittevern set me ei grense på 8 deltakarar.
Me har "Les i lag" onsdagane 21.okt, 4.nov og 18.nov., kl. 12-13.30.
Ta kontakt om du vil sikra deg plass, eller ta ein sjanse og møt opp på Sjøperlo. .
Velkomne skal de vera!    

Stad

Vindafjord bibliotek
 

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Guri L. Ravatn
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk