MORSMÅLSDAGEN!

torsdag 20. februar 2020, 12.30 - 14.00

Informasjon

Klikk for stort bilete BLI MED PÅ MORSMÅLSDAGEN

Kvart år vert den internasjonale morsmålsdagen feira over heile verda.
Det er UNESCO som har erklært denne dagen. I Vindafjord har me innbyggarar med over 50 ulike nasjonalitetar og minst like mange morsmål, så her er det mangfald!


På Sjøperlo går Vindafjord vaksenopplæringa og Vindafjord bibliotek saman om å markera dagen. 20. februar blir det «språktreff», ope for alle. Elevar frå vaksenopplæringa deler song, musikk og dikt frå eigen kultur og etterpå blir det litt å bita i, kaffi og te og høve til å prata i lag.  Det er også høve til å låna bøker på fleire ulike språk, så flott om du tar turen innom i dagane rundt 20. februar. Velkomen til alle!

Stad

Sjøperlo
 

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Guri L. Ravatn
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk